Vil du være med å gjøre Vestborg.no bedre?

Svar på vår spørreundersøkelse.

Undersøkelsen tar omlag 5 minutt.

Svar på undersøkelsen nå! Svar på undersøkelsen senere. Jeg ønsker ikke å delta

fronter



Nyheter

Bøsseaksjon for Mongolia

Bsseaksjon_011
Russen gir seg ikkje. Ved hjelp av elevar frå dei andre klassene gjekk dei i går frå dør til dør og fekk samla inn 23.404 kroner til prosjektet!

Karoline Fonn viser fram 500-lappen som einkvan på Stranda har gitt. Også hundrelappar og tohundrelappar var det mykje av i bøssene. Helene Eidem held ei bøsse med berre 100-krone-setlar i. Det betyr ikkje at alle ho besøkte, ga hundre kroner kvar.

Bsseaksjon_005

Løyndomen er at Susanne Fonn og Linchen Nygård sorterte pengane etter kvart som innsamlarane kom tilbake med bøssene.

Bsseaksjon_002

Då biletet var teke, var ikkje 500-lappen komen inn.

Bsseaksjon_009

Men her var Sigrid Undset i eitt eksemplar.

Takk til alle som var med på innsamlinga, og takk til Strandafolket som opna lommebøkene sine! På grunn av din innsats kan mange barn i Mongolia få eit betre liv.