Vil du være med å gjøre Vestborg.no bedre?

Svar på vår spørreundersøkelse.

Undersøkelsen tar omlag 5 minutt.

Svar på undersøkelsen nå! Svar på undersøkelsen senere. Jeg ønsker ikke å delta

fronter



Nyheter

Ny start på Vestborg

Mathias_003

Mathias Lade Ulriksen avsluttar i desse dagar tredje året på Vestborg. Dei tre åra på den kristne internatskulen i nabokommunen har forandra livet hans på fleire område.

Mathias kjem ifrå Velledalen, ei bygd i Sykkylven kommune. Mellom Velledalen og Vestborg er det berre Strandafjellet som skiljer.
 
- Vestborg ligg nøyaktig 15 km frå huset heime, men eg visste ikkje at det fanst ein slik skule på Stranda, seier Mathias.
 
Det var på skulebussen på veg til første dag ved Sykkylven ungdomsskule at han høyrde om Vestborg for første gong frå ein kamerat.
- Det høyrdest veldig kjekt ut der og då, men eg tenkte ikkje meir på det før det utpå nyåret i 10. klasse vart aktuelt å søkje på vidare skulegang.
Mathias_m_kameratar_002
Velledalingar på Vestborg. F.v. Rune Hole (vg1), Mathias Lade Ulriksen (vg3), Kris-Levi Hansen (Påbygg) og Peter Skogvold (vg3). Det var Rune og Peter som fortalde Mathias om den kristne internatskulen 15 kilometer heimanfrå.

- Kom til meg!
Eigentleg hadde Mathias tenkt å setje elektrolinje i Ålesund som førsteval, men ei spesiell oppleving gjorde at kursen tok ei anna retning.
- Det var ein føremiddag i januar-februar eg var åleine heime. Plutseleg høyrde eg ei stemme rett sida av meg som sa: ”Kom til meg!”. Eg er klar over at mange kan vere skeptiske til dette, og eg er også veldig kritisk sjølv. Så eg tenkjer av og til på om dette verkeleg har skjedd. Vanlegvis ville eg ha blitt vettskremt, men det at eg ikkjereagerte slik, det sjokkerte meg. Eg har ofte kjent ubehag når eg er åleine, men denne stemma opplevde eg ville meg noko godt.

- Eg trur det var Gud som talte til meg. Denne opplevinga førte iallfall til at eg forandra søknaden frå elektro til Vestborg som førsteval. Tidlegare hadde bestemor og far råda meg til å kome meg vekk på internatskule, og denne opplevinga gjorde at eg bestemte meg for det.

Dårleg ungdomsmiljø
Mathias har ingen kristen bakgrunn, men han gjekk litt på søndagsskule og i ein kristen klubb medan han gjekk på barneskulen. Han var også med på fleire kristne leirar, og då han byrja på ungdomsskulen, vart han kjent med ei kristen jente som inviterte han med i ein ungdomsklubb i ei anna bygd. Men samtidig var han også med i ein kameratgjeng der det var mykje drikking.
 
- Eg kalla meg ein kristen, men når eg ser tilbake no, synest eg ikkje det var rett. Eg hadde ikkje sagt til kameratane at eg var ein kristen, men når eg drakk, våga eg å seie det. Eg forstår no at det var sjølvmotseiande, innrømmer Mathias.
 

- I slutten av 10. klasse kom eg litt ut på skeiva. Eg hadde framleis litt kontakt med det kristne miljøet, men klubben hadde tatt sommarferie, så då vart eg meir i lag med gjengen. Drikkinga heldt fram også etter at eg starta på Vestborg den hausten.

Vendepunkt på Vision

- Det toppa seg etter nyttår i første klasse. Første helga i januar var eg på fest i Sykkylven, og dei to neste helgene hadde vi hyttefest. Dei fleste var heilt fulle, - også eg. Den fjerde helga vart eg også invitert til ein fest, men denne vart avlyst. I staden vart eg invitert med på Visjon, som skulle vere på Vestborg denne helga.
 
Det var ikkje første gong Mathias hadde vore på møte på Vestborg, men denne gongen vart det spesielt.
- Det kom sterkare innpå meg enn før det med kristendommen. Eg veit ikkje kva som skjedde, men noko var det. Eg hugsar at tekstane i lovsongane vart sterke, og eg forstod at Jesus døydde for oss. Før hadde eg høyrt mest om Gud, men no fekk eg eit klarare bilete av Jesus.
 
- Etter denne helga fekk eg eit heilt anna forhold til drikking. Det vart ikkje om å gjere å drikke lenger, og det vart heller ikkje så om å gjere å reise heim i helgane så ofte. Eg syntest eg miste mykje av Vestborg når eg reiste heim.
 
Sjølv om Mathias har berre 1, 5 mil reiseveg, får han likevel bortebuarstipend frå Lånekassa.

- Først måtte eg ha gått 2 km til næraste busstopp, og busstidene passar heller ikkje så godt, så tur-retur ville ta over tre timar for meg om eg hadde budd heime. Eg er veldig glad for at eg har rett på bortebuarstipend!

Faglege prestasjonar

Mathias har aldri vore særleg glad i å lese. Han kom seg gjennom ungdomsskulen med mest 2-arar, men han brydde seg eigentleg ikkje så mykje om resultatet. Etter at han kom til Vestborg, har det skjedd store ting også på dette området.

- Synet på skulen er blitt annleis. Det er framleis eit slit, men no bryr eg meg meir om resultatet. Eg er blitt klar over at eg kan gjere det betre.
 
Det var eit tilbod om å ta ein PPT-test som var starten.
- Denne testen gav ikkje diagnosen dysleksi, men det vart påvist at eg hadde lese- og skrivevanskar. Etter at eg fekk meg briller, vart det enklare å lese, og eg byrja å lese til dømes Illustrert Vitenskap og anna som interesserte meg. Eg fekk også tildelt 6 timar ekstra i norsk, matte, samfunnsfag (PIS) og engelsk. Det opna seg rett og slett ein ny veg for meg!
Mathias_m_kameratar_007
 
Og karakterane gjekk etterkvart opp. Han nemner fleire fag. Til dømes samfunnsfag hadde han aldri likt, men etter å ha fått hjelp, gjekk han no frå ein 2-ar til ein 4-ar frå første til andre klasse.
Matematikk er det faget han alltid har likt, og han fekk 3 på ungdomsskulen. Men med den hjelpa han fekk på Vestborg, gjekk han opp til 5 til jul andre året, og til sommaren var han den einaste i matteklassa som fekk 6-ar på tentamen! Også i standpunkt fekk han no toppkarakter.
 
Også munnleg har han merka ei god utvikling.
- Eg har alltid grudd meg til munnlege framføringar, men etter ein presentasjon eg hadde i historie, sa læraren noko som sjokkerte meg. Ho sa at det faglege stoffet stod til 4, men munnleg stod det til ein 5-ar! På ungdomsskulen var det omvendt, at eg gjorde det dårlegast munnleg. På Vestborg er eg blitt tryggare både på meg sjølv og klassa. På ei framføring i PIS (Politikk, Individ og Samfunn) i år fekk eg forresten 5 både i innhald og munnleg, seier Mathias fornøgd og legg til at han også er blitt interessert i politikk, som han aldri har brydd seg om før.
 
Vil hjelpe andre
Mathias er veldig takksam for den hjelpa han har fått på Vestborg, og no ønskjer han å bruke erfaringane sine til å hjelpe andre som slit. Difor siktar han seg inn på å bli lærar.
- Etter kvart som eg har tenkt på det, har eg fått meir lyst til å bli lærar. Kanskje eg vil satse på barneskulen, gjerne med spesialpedagogikk. Eg er opptatt av korleis ein kan førebyggje ”drop-outs”. Kanskje eg med mi eiga historie kan få hjelpe nokon, seier Mathias ettertenksamt.
- Eg har tenkt mykje på korleis livet mitt hadde vore no om eg ikkje hadde kome til Vestborg. Eg hadde sikkert site mykje heime og spela data, slik som eg gjorde før eg kom hit. Hadde eg valt elektrolinja, hadde eg nok budd heime og pendla, så eg hadde eg sikkert framleis vore i drikkemiljøet.
 
Livet til Mathias fekk eit vendepunkt 15 km heimanfrå, på andre sida av Strandafjellet. Han høyrde aldri igjen stemma som sa ”Kom til meg!”, men han trur Vestborg var det rette valet. Dei tre åra her har opna ein ny veg for Mathias på fleire område. Det at han har valt å gå på Fjellhaug Bibelskule til hausten, viser også at han har fått ein ny kurs i livet.

- Eg gler meg til å slappe av og lære, lære, lære, avsluttar Mathias Lade Ulriksen, han som før ikkje var noko glad i å lese!