kalender

September

07.Bibelgrupper 20:30

Oktober

fronter



Nyheter

Avslutningsfesten 2010

DSC_0538_A.Marum

Ein lang og innhaldsrik avslutningsfest ligg bak oss, og russen har takka for seg i ord og tonar. Siste munnlege eksamen er også overstått.

(Foto: Andreas Marum)
Laurdag 12. juni var ein regntung og grå dag, men det hindra ikkje foreldre, søsken og besteforeldre i å ta turen til Vestborg. Gymsalen vart sprengt, og dei som kom sist, måtte finne seg stolar i matsalen for å få plass. Mat vart det også nok av til alle. Festtalar Oscar Nordbø fekk iallfall egg-og crabsticssalaten som han hadde gledd seg til. Det er viktig med tradisjonar, sa han mellom anna i innleiinga til andakta. Og han avslutta med eit ord som handlar om noko som er viktigare enn mat:

 "Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl." (Joh. 6,27)

4700515993_a997036b5c_b_J.Vik_copy

 Ingen fest utan Bjørg! (Foto: Jørgen Vik) 

4700533791_6b2d613ce9_J.Vik

Arve Sleveland, Kris-Levi Hansen, Marius Lerstad og Johan Olav Røsvik Synnes framfører ein låt. Andreas Marum på trommer kom ikkje med på biletet. (Foto: Jørgen Vik)

Nordisk sjuandeplass
Vg2-elev Une André Simonsen fekk tildelt diplom for norsk 2. plass og nordisk 7. plass i den nordiske Abelfinalen.
- Vi er supersuper-stolte av deg, sa rektor Geir Magne Engås då han overrekte diplomen, som var skriven på finsk.

4701156224_4bd5f9c04e_o_J.Vik

Une er tatt ut til å vere med på landslaget i den 51. internasjonale matematikkolympiaden som vert arrangert i Astana i Kasakhstan 5. - 14. juli. I forkant blir det treningsleir i Danmark 29. juni - 4. juli saman med Danmark, Finland og Sverige. No er det ikkje mange dagane igjen. Vi ønskjer Une og resten av det norske teamet lukke til!

Une spelar på mange strengar. På avslutningsfesten framførte han også eit sjølvkomponert pianostykke. På CD-en som Vestborgrussen har gitt ut, spelar han to av sine eigne komposisjonar.

4701150010_791a889b8e_b_J.Vik
Vg1-elevane Eivind Peter Nordstrand og Lisa Tronhûûs Hannasvik leia festen med stødig hand. (Foto: Jørgen Vik)

Avskjedssong frå Vg3
Linchen Nygård, Helene Eidem og Anne-Marte Ulla framførte ein rørande avskjedssong skriven av Karoline Fonn, til melodien "Jørgen Hattemaker".
4700528401_6204d6a8bf_J.Vik
Med tårevåte øyne vi synger denne sang.
Vi står på denne scenen for aller siste gang.
Vi ryddet har og pakka, er klare til å dra,
Men først så vil vi bare si at: Vestborg, du er bra!
 
Trist å dra herfra,
Her hadde vi det bra.
Nå venter den store verden.
 
Vi kom hit veldig spente og lurte veldig på
Hva har vi nå i vente, hvordan skal dette gå?
Vi stiftet nye vennskap, og fant på mye gøy
Men aller best så likte vi å lage mye støy.
 
Vi lærte også litt
For lærerne sa titt
At vi måtte gjøre lekser.
 
Og tida den gikk radig med hendelser i fleng
Snart var vi blitt en livlig og sammensveiset gjeng
Vi reiste jo til Roma, var også på turné
Og alle sammen hadde det så kjekt som bare det.
 
Årene gikk fort,
Nå er de unnagjort.
Men vennskapet varer lenge.
 
Og omsorgen vi møtte var varmhjertet og stor
For mang en gang har tilsyn fungert som far og mor.
At lærerne var kule, det fikk vi også se
De stilte alltid opp for oss og fikk oss til å le.
 
En takk vi bringer frem,
Vi fikk vårt andre hjem.
Den jobb dere gjør, er viktig.
 
Og herfra tar vi med oss en kunnskap rik og stor
I matte og i engelsk, men også fra Guds ord.
At Gud er god og nådig, det fikk vi høre her.
Og himlen er vårt felles mål,
Må alle møtes der.
 
Fine år vi fikk
da vi på Vestborg gikk,
og dem vil vi alltid minnes.

Misjonsengasjement
- Vi hadde som mål å samle inn 263 000 kroner, og vi nådde målet vårt, sa russepresident Hilde Renate Sætre nøkternt, før ho overrekte sjekken til krinsformann i Misjonssambandet, Verner Larsen.
- Desse pengane kjem til å forandre liv i Mongolia, sa Verner. Han har sjølv vore misjonær i Mongolia og veit godt at kvar krone kjem godt med.

 Men russen hadde meir på lur. Rektor vart kalla fram og fekk overrekt ein sjekk på 92 800 med to pluss bak. Rektor Geir Magne Engås takka for gåva og sa at pengane skal gå til noko som kjem elevane til gode.

 Salet av CD-en ”Håp” har allereie auka dette beløpet til over 100 000 kroner. CD-salet held fram, og pengar frå salet kjem inn på russekontoen framover. (Den kan bestillast ved å ta kontakt på tlf 70263900).

Vestborgrussen har vist både stor kreativitet og iver i arbeidet med misjonsprosjektet. Eit slikt engasjement blir ein truleg ikkje så fort ferdig med sjølv om tida ved skulen er over.

4701166906_19a3460ae6_J.Vik

Hilde Renate song seg  inn i hjarta til publikum med "Gabriellas sång". "Jag vill känna att jag levt mitt liv", avslutta ho. Det er eit fint motto å gå vidare med når de no reiser frå Vestborg og inn i ei ukjent framtid. (Foto: Jørgen Vik)

I dag er også siste munnleg eksamen over, og det byrjar å bli stille og tomt etter dykk. Må Gud velsigne livet til kvar enkelt, slik at de når de kjem til enden, kan kjenne at de verkeleg har levd eit meiningsfullt liv.
DSC_0560_A.Marum
Dei fleste avgangselevane samla i foredragssalen etter festen. (Foto: Andreas Marum)

DSC_0589_A.Marum

Åshild Bogstad, Helene Birkeli, Birgitte Rygg og Evy Marie Koltveit må snart skilje lag etter tre år ilag på Vestborg. (Foto: Andreas Marum)

Fleire bilete frå avslutningsfesten finn du her:  Bildegalleri

(Takk til Jørgen Vik og Andreas Marum for bilete.)