Nyheter
Sommarjobb på Vestborg
Inger Valbø, torsdag 24. juni 2010 13:43

Sjølv om dei aller fleste elevane har reist på sommarferie, er det framleis aktivitet på internata. Jakob Stige har forresten ikkje tatt ferie enno. Han har fått seg målarjobb på Dregetua.
- Korleis er det å jobbe på Dregetua når alle andre har reist heimatt, då?
- Først har eg pussa og vaska veggane med salmiakk, og no driv eg og grunner. Så skal eg starte å måle i morgon.
- Korleis fekk du denne jobben?
- Det var heilt i siste liten, ei veke før sommarferien starta, at eg spurde på skulen om dei hadde nokon jobb, så eg trudde eigentleg ikkje at eg fekk noko. Eg får jobbe her i tre veker. Det er mest for å tene pengar. Etterpå skal eg måle huset vårt.
Jakob fortel at han skal på UL i starten av august, så pengane kjem nok godt med. Det blir hans tredje eller fjerde Ungdommens Landsmøte.
Til hausten skal Jakob opp i Vg3, og etter å ha budd dei to første åra på samme rommet i underetasjen på Dregetua, skal han no stige i gradene. Han har fått det rommet som mange har ønska seg, der Vegard budde, fortel han. Det er litt større enn dei andre romma og er difor populært. Jakob vann konkurransen.

- Du veit, vi er russ til neste år, så då kan vi ta dei som lagar bråk!
- Kvar et du lunsj når du jobbar her åleine, forresten?
- Eg håper sommartemperaturane kjem snart, for no har eg lyst til å gå i shorts, legg han til.
På Vestborg har vi også andre ungdommar som har sommarjobb.

Bertine Bø (t.v.) og Sigrid Karine Belt har begge gått på internatskule i år. Bertine er ferdig med 1. året ved Kvitsund Gymnas og Sigrid Karine er ferdig med to år på Kongshaug Musikkgymnas. Denne veka har dei hjelpt til med nedvask av internat og klasserom. Men det viste seg at dei var meir effektive enn vi hadde rekna med, så i dag kom dei og spurde om det ikkje var meir dei kunne gjere. Dermed sette dei igong med å luke ugras. Så no blir det fint både ute og inne.
Takk for hjelpa, både Jakob, Bertine og Sigrid Karine!
Dette er siste artikkelen frå mi side til Vestborg si heimeside, iallfall i denne omgang. Takk til alle som har kika innom sida, og god sommar både til elevar, personale og alle andre Vestborgvenner!