kalender

Mai

Juni

fronter



Nyheter

Vestborg til hausten?

Svenn_Joar

Søknadsfrist til vidaregåande skuler nærmer seg og her kan du lese kvifor elevar har vald Vestborg og korleis dei trivst på internatskule.

Svenn Joar Frøystad kjem frå Herøy, heilt ute ved kysten på Sunnmøre og går no 1. året her på skulen.

Kvifor valde du gå på Vestborg?

Dette var eit val med fleire faktorar. Eg hadde to sysken som hadde gått her før, og fortalt mykje bra om skulen. Om det bra miljøet, dei gode skiforholda rett oppe i fjellet og mykje meir. Men det at skulen er ein internatskule, og at den har eit kristent fokus, var kanskje dei viktigaste grunnane til at eg valde å gå her.

Kva er så bra med Vestborg?

Det beste er nok at skulen er kristen. At det er eit godt kristent miljø, og at det blir lagt opp til aktivitetar som gjer at ein kan vekse i trua. I tillegg så er det generelt eit godt miljø på skulen. Eg trivst veldig godt her, med gode vener som er glad i deg for den du er.

Det er også mange aktivitetar på Vestborg. Russekiosken er ofte open med spel og andre morosame påfunn. Miljøteamet finn på mykje sprell og kjekt, sjølv om vi no dessverre er inne i ei periode utan miljøarbeidar.

Og for skientusiastar er dette ein yngleplass. Med Strandafjellet rett oppe i lia, kan ein både gå og stå på ski. Noko som eg gjerne benyttar meg av når det blir tid til det.