«Å vere avhengig» - seminar ved Simon Morris


Ungdomsleiar ved Vestborg, Simon Morris, har hatt seminar om det å vere avhengig. Seminaret vart halden fyrst for foreldra på haustfest-dagen. Sist veke haldt han seminaret for elevane.

I løpet av den 90 minuttar lange økta peika han mellom anna på kva ein kan verte avhengig av, og han kom med råd i lys av Bibelen korleis handtere utfordringa det kan vere med å vere avhengig.

VG3-elev Sigrid Kristin Thokle var veldig nøgd med seminaret.

- Det var veldig bra. Simon er generelt inspirerande å høyre på. Han peika på kor lett det er å bli avhengig av ting, samt kor normalisert det har blitt. Mellom anna snakka han om ulike rusmiddel, men også mindre openberre ting som teknologi – noko som det er lett å rømme inn i. Elles fortalde han om seg sjølv; om traume frå eige liv som gjorde at han byrja å bruke rusmiddel, og at han hadde eit dårleg sjølvbilete. Det stabile grunnlaget fekk han fyrst då han møtte Jesus. Då fekk han aksept og grunnleggjande tryggleik. Noko av det eg sit att med etter seminaret, er at det er viktig med stabilitet i livet. Det gjer at ein ikkje så lett utset seg for dumme ting som til dømes rusmiddel, seier Sigrid.

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no