Aksjon «Gje eit vindauge» ein suksess!

Rektor Håkon Hovda er overvelda over responsen frå Vestborg-vener som vil støtte skulen med nye vindauge til internatbygget  Storfjorden.

-Då vi sette i gang aksjonen «Gje eit vindauge» på spleis.no, så hadde vi som mål å samle inn kroner 36 000, men då fristen hadde gått ut så hadde vi kome opp i kroner 38 200! I tillegg så har vi fått inn heile kroner 110 000 frå andre hald. Eg er veldig glad, stolt og imponert over gjevargleda og entusiasmen!

Han fortel at det er 30 vindauge som skal bytast ut.

-Kor stor er totalkostnadane?

-Dei vil ligge på ikring 200 000, så no er vi på god veg til å klare målet!


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no