Bildøy på besøk


I løpet av eit år har Vestborg ofte vitjing frå ulike skular som tilbyr eit godt alternativ for elevane våre. Denne veka har vi på Vestborg hatt vitjing av eit team frå Bildøy bibelskole ved Bergen. Liv-Margrethe Muren Ulvund, Anders Olsson og Markus Drange Loka har vore saman med elevane. Dei let vel over tida dei har fått med elevane.

Gjengen på Vestborg er veldig imøtekomande og inkluderande – og dei er lette å kome med i samtale med. Det er også triveleg å få tilbakemeldingar etter å ha hatt andaktar på morgonsamlinga.Vi har vore saman med dei, og skal vere saman med dei, på morgonsamling, KRIK og møte onsdag kveld.

Framtida vil vise om besøket resulterer i Vestborg-elevar på Bildøy.


På biletet ser ein Vestborg-elev Steffen Savland gjette vekta på godteposen på Bildøy sin stand.


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no