Bli-kjent-tur for VG1

 
Tysdag og onsdag denne veka var VG1 på bli-kjent-tur til leirstaden Orreneset, som ligg i underkant av 30 min køyring frå Vestborg. 

 

Her var det aktivitetar som Bonhoeffer-vandring (to og to går tur medan dei samtalar), snik (ein skal snike seg fram i mørkret. Målet er å leggje frå seg ein lapp i ei bøtte utan at nokon finn ein med lyset frå ei lommelykt), grilling og skrive positive meldingar med grunngjeving til kvarandre.

vestborg.no var til stades under snik-leiken. Der imponerte elevane med stort engasjement trass i konstant regn under leiken.

I følgje dei elevane vestborg.no fekk snakka med i etterkant, var det to veldig kjekke dagar på Orreneset.





 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no