Chili-konkurranse!


Tysdag kveld var det mykje tårer i russekiosken. Ein gjeng VG3-elevar hadde nemleg konkurranse om kven som kunne ete mest nudlar med chili i. På førehand kunne andre betale inn ein sum og gjette kven som ville vinne – til inntekt for russeprosjektet.

Det vart ein knallhard finale mellom Daniel Selbervik og Elias Storhaug, der sistnemnde trakk det lengste strået.

I sigersintervjuet etterpå seier Elias:

-Konkurransen vart rett og slett ei sterk oppleving!

-Korleis opplevde du det å vinne?

-Det er alltid kjekt å vinne konkurransar, og denne konkurranseformen var både artig og ny for meg. I grunnen så er det berre på internatskular ein kan finne på noko sånt, slår Elias fast med eit smil.

 



 

 

 

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no