​- Eg har fått draumejobben!


Nyleg var Anders Nybakk innom Vestborg. Han skal begynne som idretts- og friluftslivlærar ved skulen i august.

vestborg.no fekk ein kjapp prat med han før han skulle planlegge komande skuleår saman med idrettslærarkollega Åshild Bogstad Stenberg og rektor Geir Magne Engås.

- Eg har fått draumejobben! slår Anders fast.

- Her får eg kombinere det faglege med det å kome tett på elevar og byggje relasjonar. Eg ser veldig positivt på å få jobbe på ein internatskule!

Anders har idretts- og friluftslivutdanning frå Høgskolen i Volda. I tillegg vil han kunne undervise i religion, historie og naturfag. Dei to siste åra har han vore tilsett som lærar ved Volda ungdomsskule.

Opphavleg er han frå Nord-Odal i Hedmark, og han blei glad i internatlivet etter å ha vore elev, og året etter miljøarbeidar, ved Valdres folkehøgskole.

Elles har han vore aktiv både i KRIK og Laget.

vestborg.no nyttar høvet til å ynskje Anders velkomen i staben!

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no