Eivind Nordstrand tilbake som politi


I sosialkunnskap har klassen for tida om kriminalitet. Denne veke fekk gjengen difor besøk av Mirjam Ulstein (til høgre), som jobbar med førebyggjande tiltak i politiet. Ho hadde med seg politistudentane Birgitte Øye og Eivind Nordstrand.

Eivind gjekk på Vestborg i åra 2009-2012, og i dette skuleåret trør han til og har iblant helgetilsyn her på tunet.

- Vestborg har gitt meg så mykje. Det å kunne ha helgetilsyn er ein fin måte å gje skulen takksemd tilbake, seier Eivind.


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no