Fire om Vestborg


Skulearbeidet 

Med så mange personar rundt ein som det er på ein internatskule, så opnar det opp for gode samarbeidspartnarar når det gjeld skule og lekser. Ane Holm og vennane hennar går ofte til biblioteket. - I tillegg er det lettare å få eit nærmare forhold til lærarane, ettersom du ser dei så ofte, fortel Ane.

 

 

Ski-eldoradoet

Sigurd Håvik kom til Vestborg mest på grunn av ski, og dette nytter han ofte. Han køyrer både snowboard, pudderski og randonee. Kvar dag han kan, er han på fjellet. Han fortel at ski er livet hans. - På Strandafjellet er det alltid noko å prøve i det store trekket som gjer det ekstra gøy å stå på ski, seier han. Og så synest han det er veldig kjekt å kunne køyre heilt ned til skulen.

 

 

 


Miljøet

Det fyrste Anders Osdal tenker på når han høyrer ordet miljø, er det inkluderande miljøet på skulen. Han legg også trykk på at skulen er nokså liten, men samtidig at det må vere noko av det beste med den. Han skildrar skulen som en liten familie på 84 elevar og nokså mange lærarar. Til slutt legg han trykk på at det er sjeldan ein kjedar seg på Vestborg, fordi det alltid er nokon i «familien» ein kan finne på noko med.

 


Kristent miljø

Sjølv om skulen ikkje berre har kristne elevar, fortel Sigrid Bogstad at det kristne miljøet er større enn på dei fleste andre skular. Men uansett påstår ho at alle blir respektert for kva dei trur på. Sigrid har mange arenaer å utforske trua si på. Ho drar blant anna på bibelgruppe, bibelstudie, møter, andakter osv. Til slutt legg ho til at det er ikkje er noko tvang til å være kristen på Vestborg, sjølv om det er ein kristen skule.

 

 

(Takk til VG1-elev Jarle Isene som har teke bilete og intervjua elevane om korleis det er å vere elev på Vestborg.)


 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no