Fjell-løpar og miljøarbeidar Jonas fekk kr 50 000 i stipend!

Torsdag kveld var det galla med kledekoden dress og kjole i Terminalen i Ålesund. Sparebanken Møre delte ut stipend til 16 unge utøvarar i regionen. Desse utøvarane har kome ekstra langt innanfor den aktiviteten dei har vald å satse på. Det vere seg innan idrett, musikk eller kunst.

Av ikring 100 søkjarar på dette TEFT-stipendet frå Sparebanken Møre, så var Vestborg sin miljøarbeidar, Jonas Hesthaug, ein av dei 16 utvalde. Stipendet han fekk var på heile 50 000 kroner.

Jonas sin aktivitet er fjell-løp, også kalla sky-running. Eit døme på fjell-løp er Hornindal rundt – eit løp opp og ned av ulike fjell over 75 km! I fjor vart Jonas nr 2 etter å ha sprunge i 10 timar i strekk!


I august er han ein av seks norske utøvarar som skal vere med i junior-VM i Italia. 


Miljøarbeidarjobben let seg kombinere på godt vis med satsinga på løping. Han trenar på føremiddagen medan elevane er på skulen, og saman med Simon Morris og Åshild Remmereit i miljøteamet, så gjer han ein veldig god jobb inn mot elevane på kveldstid og i helgar. 

 

Dei var ein overvelda Jonas som kunne ta i mot stipendet av banksjef i Norddal, Stein Ivar Krohn. Etter at gallaen var over sette Jonas ord på opplevinga.


-Dette er heilt uverkeleg!


-Kva legg du i det?


-Eg kjenner til nokre av dei andre som har fått stipend, og dei presterar på eit veldig høgt nivå. Det er nesten vanskeleg å forstå at eg er rangert like høgt som dei!


-Kva bruker ein 50 000 kroner på?


-Dei vil til dømes gå til å dekkje utgifter i samband med konkurransar i utlandet, mellom anna vil eg vere med i verdscupen. Eg vil også med denne støtta kunne finansiere utgiftene ved å ha trenar, samt utstyrsutgifter.


 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no