Fokus på psykisk helse

 

 

Dei siste to vekene har VG1 vore igjennom skuleprogrammet VIP («Veileding og informasjon om psykisk helse i skolen»). Her kjem ei skildring av programmet skriven av VG1-elev Hannah-Malene Vik:

VIP er eit kurs der ein får rettleiing og informasjon om psykisk helse. Dette er eit svært viktig tema for Vestborg, og derfor blir fleire skuletimer gitt bort til dette.

Kurset inneheld mange viktige tema, som til dømes å ha psykiske problem og lidingar, men også det å vere ein pårørande. I dette kurset lærte vi også om korleis vi skulle handtere nedturar. Eg som elev synes det er kjempebra at Vestborg ser alvoret med psykisk helse.

I desse timane fekk vi blant anna besøk i frå helsesøstera ved skulen, den kommunale psykiatrien i Stranda kommune og i frå PPT. Dei brukte tid på og svare på spørsmål som vi i klassa hadde stilt skriftleg på førehand. Vi hadde også timar med lærarane der vi gjekk ekstra inn på ulike tema innan psykisk helse.

(På biletet kan ein sjå ein del av VG1-gjengen, som har no har hatt VIP-prosjekt, under bli-kjent-turen i byrjinga av skuleåret.)

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no