Gunnhild Bogstad med møteveke



Gunnhild var russ på Vestborg i 2015. Denne veka er ho attende for å ha bibelundervisning med elevane. Samstundes har ho andakt under morgonsamlingane dei dagane ho er her.

Etter ho var ferdig på Vestborg har ho gått på både på disippeltreningsskule og bibelskule i regi av Ungdom i Oppdrag, høvesvis på Grimerud ved Hamar og i Australia.

Den fyrste kveldssamlinga handla om tips korleis ein kunne lese og forstå Bibelen. Den neste hadde fokus på dei store linjene i Bibelen, medan den tredje samlinga si overskrift var: «Bibelen i praksis».

vestborg.no fekk ein prat med Gunnhild like etter ei av morgonsamlingane og spurde om korleis det var å vere tilbake på Vestborg.


-Åh, det er så fint! Vestborg kjennes som min andre heim! Her vert eg møtt av smilande fjes og eg får sjå personalet som eg har blitt så glad i. Dessutan er det så kjekt å få helse på dei nydelege elevane – og sjå engasjementet og brannen deira for Jesus!

Ho fortel at det å undervise er ei ny situasjon for ho.

-Tidlegare har eg van med å ha andakter og talar, men det å undervise frå Bibelen har eg ikkje gjort før. Eg er kjempetakknemleg for at eg får høve til å gjere det her på Vestborg. Her er det nemleg trygt og godt, og miljøet er oppmuntrande.

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no