Idrettslinje-tur til Andreas Håtveit


For litt sidan var idrettslinja på tur til Sudndalen øvst i Hallingdal.


-Vi drog dit for å oppfylle det lokale læreplanmålet om å jobbe med skiteknikk. Øvst i Hallingdal så er det både jibbepark og ekstremt god puddersnø. Der held også Andreas Håtveit til. Han er eit godt førebilete som idrettsutøvar, medmenneske og som kristen, forklarar idrettslærar Anders Nybakk om kvifor idrettsgjengen drog til Sudndalen.

 

Andreas Håtveit vart i 2014 nr 4 i OL i slopestyle. Han har også vunne X Games i disiplinen. Mest kjend for det norske folk er han kanskje gjennom deltakinga i NRK-programmet «Mesternes mester» i 2016.


-Korleis var opphaldet?


-Det var ein kjempesuksess. Vi fekk trena mykje på teknikk, også ved hjelp av videoanalyse, og køyring med portar. Andreas haldt også jibbe-kurs for oss. Det vil seie at vi fekk prøve oss på køyring på rails – køyring på rekkverk i jibbeparken, seier Anders.


Jakob Muren Ulvund var ein av elevane som var med.


-Dette var dritkult. Vi fekk køyrt mykje i laussnø og prøvd oss på rails. Andreas Håtveit lærte oss også grunnteknikken om korleis vi skal ta 180 og 360. Elles imponerte Andreas med både skidugleiken, premiane og humøret sitt, seier Jakob.

Slik det ser ut no, vert det tilsvarande tur også til neste år. 

 

På spørsmål om korleis han trivast som elev på idrettslinja så kjem det opp to tomlar som svar.


-Eg er ein ski-person og her får eg stått mykje på ski. Elles så likar eg meg veldig godt i miljøet på skulen. Her er det berre greie folk! seier Jakob.

 





Jakob Muren Ulvund var nøgd med turen til Sudndalen!

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no