Julefest1

Torsdag 21.12, siste skuledag før jul var det julefest i gymsalen. Både elevar og tilsette var julepynta, og saman hadde ein ei triveleg stund saman. Det vart ein servert god julemat og haddeVG2-elevane som gode arrangørar.

I løpet av kvelden fekk ein oppleve til dømes damenes og herrenes tale, songar, juleevangeliet med ny vri, VestborgTV og humorinnslag. Margareth Engås hadde andakt.

Festen vart avslutta med gang rundt juletreet med stort engasjement.

VG2-elevane Anders Osdal og Elias Vike Grønningsæter losa festlyden på stødig vis gjennom kvelden, medan ein gjeng frå russ-17 hadde ansvaret for kjøkkenet og serveringa.

Nedanfor kan du sjå bilet-glimt frå festen:

 

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no