Julefesten 2018


Tradisjonen tru var det VG2 som hadde ansvaret for julefesten. Årets VG2-kull hadde sett saman eit variert og velregissert program – leia av Malene Furnes og Jarle Isene.

Her var det damenes og herrenes tale, ulike songinnslag og juleevangeliet med «The julekalender»-vri. Vi fekk også eit cheerleading-show på høgt nivå.

Tidlegare elevar serverte veldig god julemiddag – stelt i stand av den solide gjengen Vestborg er så heldige å ha på kjøkkenet.

Tidlegare Vestborg-elev Lars Petter Ødegård, som no er forsamlingsleiar NLM Kristiansund, hadde andakt. Han snakka om James Irwin – den 8. mann som gjekk på månen. Då Irwin var på månen, opplevd han Guds nærvere så sterkt, at han la astronaut-karriera på hylla og byrja som evangelist.

Nedanfor kan du sjå glimt frå festen.

 



 










 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no