Kick-off 18.-20. januar!

  

Helga 18.-20. januar er det kick-off på tunet. Då er du som vurderer å begynne på Vestborg til hausten, veldig velkomen til gratis weekend. Føremålet med helga er at du kan bli kjend med skulen, elevar som kan bli klassekameratar til hausten, samt elevar som skal gå i 2. og 3. klasse komande skuleår. Sjølv om dei fleste som kjem tpå kick-off er 10. klassingar, ynskjer vi gjerne at elevar som kan tenke seg å begynne i VG2, VG3 eller påbygg til neste år tek turen innom.

Det viktigaste med helga er at du får treffe andre, men det blir også lagt opp ulike aktivitetar som bli-kjent-samling, leik, grilling og elevkveld. Det vert også informasjon om skulen og kva faglege tilbod Vestborg tilbyr.

Brosjyre og påmeldingsinformasjon om kick-off-helga finn du i denne linken: http://www.vestborg.no/dokumenter/Kick-off-2019.pdf    
Alternativt kan du klikke på knappen øvst til venstre på forsida på heimesida vår: vestborg.no

Velkomen til kick-off!!!!


 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no