Mobil-stopp og digitalt sukker

Ungdomsarbeidar Simon Morris har utfordra elevane til å levere inn mobilane sine. Den som held ut lengst utan mobil, får premie. Simon fortel at bakgrunnen for initiativet hans er å setje fokus på kor avhengig ein er av mobilen. Samstundes vil han det skal vere ei oppmoding for elevane å kommunisere meir andlet-til-andlet.

Ikring 20 elevar har teke utfordringa.

VG2-elev Andreas Wigestrand er ein av dei.


-Min motivasjon til å ta Simon si utfordring er at eg meiner det er feil å bruke så mykje tid på mobilen. Appane og sosiale media er laga for at vi brukarar ofte må innom for å sjekke. På grunn av dette digitale sukkeret, så blir freistinga stor til ofte å ta opp mobilen. Eg sjølv har installert ein app som viser kor mykje eg brukar mobilen min. Den viser at eg er inne og sjekkar mobilen 200-500 gonger dagleg, og at eg brukar mobilen ikring 2-4 timar kvar dag, seier Andreas.

-Kva tenkjer du om denne konkurransen?


-Målet mitt er ikkje å vinne. Eg ser på dette som ein fin start for å endre mobilvanane mine, slår Andreas fast.



Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no