Ny rekord på russeturneen!


I januar var russen på russeturné og haldt møte på bedehus og forsamlingar her på Nordvestlandet.
Russepresident Espen Vartdal opplyser at det til saman kom denne veka inn ikring 190 000 kroner til misjonsprosjektet deira i Indonesia.
Mainy Os arbeider på regionkontoret og har hovudansvaret for å planleggje turneen. Ho fortel at summen som har kome inn er rekord.
- Dette er veldig bra! Det er ekstremt mykje pengar som har kome inn! seier ho.
Russepresident Vartdal er også veldig godt nøgd med resultatet.
- Eg vil gjerne rette ei veldig stor takk til alle i russen, alle som har hjelpt til med å gjennomføre turneen vår og alle som har gitt. 190 000 kroner er veldig mykje pengar!

PS! På biletet ser du ei av gruppene, saman med forkynnar Oscar Nordbø, under planleggjinga av turneen.

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no