Ny rektor: Håkon Hovda

Eg er svært glad for å kunne presentere Håkon Hovda som Vestborg sin nye rektor, seier styreleiar Alfred Reitan.

 

Geir Magne Engås skal ha to år permisjon som rektor medan han og familien skal til Nairobi i Kenya. Der skal dei ha ansvar for NLM sin familiebibelskule.

No har altså styret tilsett Håkon Hovda i rektorvikariatet.

- Vestborg er no inne i ei spennande tid med fleire nysatsingar, mellom anna eit heilt unikt fagtilbod innan idrett og friluftsliv. Difor trong skulen ein leiar som kunne vere ein aktiv pådrivar i arbeidet med det nye tilbodet, samt kunne sikre høg kvalitet i skulen si daglege drift, seier Reitan.

Han held fram.

- I Håkon har vi funne ein person med driv og engasjement som høver svært godt til alle kriteria vi har sett etter. Som styreleiar er eg trygg på at Håkon har både den nødvendige breidda og tyngda i kompetansen til å leie skulen framover til eit endå høgare nivå. Då tenkjer eg på både det pedagogiske, det andelege, det å leie personalet og det å leggje til rette for at elevane har ein god heim medan dei er på Vestborg. Det var også viktig for oss å finne ein samlande leiar, og det trur vi at vi har lukkast med no, seier Reitan.

Styreleiaren vil også gjerne understreke at det er ein skule med mange gode kvalitetar som Hovda skal ta hand om.

- Håkon tek over ein veldriven skule og har mange gode ressursar å spele på. Samanlikna med andre skular har Vestborg i lang tid gjort det godt både når det gjeld fagleg kvalitet og eksamensresultat, men står i tillegg i ei særstilling når det gjeld god trivsel og lågt fråfall. Det er og gledeleg at mobbing er tilnærma fråverande. Nøkkelen er eit godt kvalifisert personale som verkeleg bryr seg om elevane, og som systematisk legg inn ein ekstra innsats. Tilbodet om leksehjelp på høgt fagleg nivå kvar veke er døme på det, seier Reitan.

Hovda er no tilsett som lærar ved Ålesund vidaregåande skule og vil saman med familien sin flytte til Stranda. Han startar i vikariatet den 1. august i år. 

 

På biletet ser du Hovda saman med kona Ingrid - teke under 20-årsjubileumstreffet for Vestborg tidleg i fjor haust.


 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no