Politi og helsesøster på besøk hos russen

 

Tysdag i denne veka var Jon Tommy Flo frå politiet på Stranda for å ha dialog med russen inn mot russefeiringa. Han hadde med seg helsesøster Gudrun Lind og Aud Berstad som representerte natteramnane i Stranda.


Lind informerte mellom anna om symptom på hjernehinnebetennelse, samt åtvara også mot overdrive bruk av alkohol.

Berstad fortalde om rolla som natteramnane i bygda har.

Flo sa at dei har veldig gode erfaringar med Vestborg-russen. Elles understreka han kva politiet var opptekne av, nemleg å unngå at overgrep finn stad, unngå at vald skjer og hindre at russen ikkje køyrer bil når ein ikkje er i stand til det.


 

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no