Rollebryllaup


I helga var det fest på tunet – bryllaupsfest!

 

Elevane hadde fått tildelt ulike roller som dei skulle spele. Mellom anna vart det vitjing av både internasjonale politikarar, Disney-figurar og kongelege. Eit anna poeng var at brudeparet ikkje visste kven dei skulle «gifte» seg med før døra til møtesalen (kapell i dette høvet) gjekk opp.

Benedikte Samseth sit i miljøkomiteen dette skuleåret. Ho fortel dette om bryllaupsdagen:

- Det vart ein veldig kjekk dag! Folk var gira og «med». Mellom anna var det mange fine og morosame talar. Eit anna høgdepunkt var då miljøarbeidar Simon, som var kong Harald, hadde leiken «Kongen befaler». Elles vart det artig å ha ein form for «domino-leik». Når ein elev tok ein slurk med brus, så skulle neste lage kylling-lydar, så skulle neste le høgt, så skulle neste fortelje ein dårleg vits, og så skulle neste synge «Ja, vi elsker».

Sjølve ekteskapet varte ikkje så lenge. I løpet av kvelden vart det slutt.

- Det var brudgommen som valde å avslutte forholdet. Likevel er eg nøgd med at ekteskapet varte såpass lenge som det gjorde, ler Benedikte.

Noko av forklaringa til det korte ekteskapet kan kanskje forklarast i at bruda i røynda har kjærast. Denne kjærasten hadde, av alle ting, fått rolla som brudgommen sin far!

- Eg vil gjerne takke alle som har lagt ned eit utal av timar for å hjelpe til med å få rollebryllaupet i hamn. Dette arrangementet låg det mykje god jobbing bak! seier Benedikte.

Nedanfor finn du bilete frå festen, tekne av VG3-elev Karoline Myskja.


 


 









 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no