Russeturneen startar i helga


Det har vore ein lang tradisjon at russeklassen ved Vestborg dreg på turne i januar til bedehus på Nordvestlandet.

Elevane vert delte inn i grupper, har med seg ein talar og reiser rundt og deltek på møter. Tradisjonen tru startar turneen med sundagsmøte på Stranda bedehus, før gruppene dreg til sine ulike mål for veka.

Sander Sørli (til høgre på biletet) og Daniel Selbervik (nr tre frå høgre på biletet) er to av elevane som skal ut på turne. Gruppa deira har med seg Oscar Nordbø som talar.

 

 - Vi skal reise rundt på ulike bedehus og i ulike forsamlingar og fortelje om russeprosjektet vårt i Indonesia, og vi skal samle inn pengar til prosjektet, fortel Daniel.

 

Under møta har dei oppgåver.

 

- I løpet av møta skal vi leie møta, presentere prosjektet og samle inn kollekt. Dessutan skal vi informere om korleis det er å vere elev ved Vestborg – med tanke på å rekruttere nye elevar, seier Sander.

 

- Kva tenkjer de om å reise på ein slik turné?

 

- Det blir spennande. Vi er ei gruppe som skal jobbe i lag og skape relasjonar på ein annan måte enn i skulekvardagen, og vi får høve til å snakke positivt om skulen, seier Sander.

 

- Eg gler meg. Det skal bli spennande å utfordre seg sjølv på oppgåver eg ikkje har gjort før, seier Daniel.


 

 

 

Nedanfor kan ein sjå oppsettet som viser oversikta av kva for stader som skal vitjast når:

 

Søndag 14. jan Stranda Stranda Stranda Stranda Stranda Stranda Stranda
Mandag 15. jan Stryn Sykkylven Stordal Frøystad Vevang Midsund Sykkylven
Tirsdag 16. jan. Nordfj.eid Fiskarstrand Engesetdal Ulsteinvik Averøy Eide Vatne
Onsdag 17. jan Måløy Giske Gamlem Remøy Kristiansund Solemdal Torvikbukt
Torsdag 18. jan Selje Solevågen Haramsøy Hareid Surnadal Tomrefjord Ålvundeid
Fredag 19. jan Åheim Fredag, Misjonssalen Sjøholt Lauvstad Aure Isfjorden Tingvoll
Lørdag 20. jan Hakalle Godøy Brattvåg Rovde Sylteosen Måndalen Sylteosen
Søndag 21. jan ØVM Misjonssalen Ålesund ØVM Molde Vestnes Molde

 

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no