Skidag

Onsdag var det strålande ver på Stranda – og strålande tilhøve på Strandafjellet skisenter. Elevane kosa seg med aking, langrenn og i trekket. Ved lunsjtider stod kokk Bjørn Odland & co for grilling av pølser.

VG3-elev Yrjan Stave Klokk hadde litt trøbbel med skiutstyret sitt, men var veldig godt nøgd med dagen.
Heilt sidan ei god stund før påske har eg gledd meg til skidagen, og endeleg er han er! Dessverre har eg hatt litt trøbbel med utstyret, men dette ordnar seg og dagen blir bra, sa Yrjan i lunsjen.

Då skidagen var over stilte kjøkkensjef Dana Rudusa med taco til middag. Kunne dagen ha blitt betre?

 

På biletet ser du (frå venstre) lærar Hilde Kristine Tepstad, Synnøve Bjørkavoll, Katrine Myrseth, og Sofie Yri Aaberg.
På det øvste bilete myser Magnus Korsedal og Yrjan Stave Klokk i sola.



Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no