Skule-på-hjul



I strålande mai-vêr drog VG1-elevane i dag på skule-på-hjul-tur. Før bussavreise var det geografi-undervisning på Vestborg. Der fekk elevane til dømes vite at Vestborg ligg på eit tidlegare elvedelta. Etterpå tok bussen gjengen gjennom Velledalen i Sykkylven kommune. Der vart der forklaring av ulike geografiske fenomen som til dømes tindar, morene og fjordsjø.

Deretter gjekk turen vidare mot leirstaden Kjeldsund i Herøy kommune. Elevane skal også i løpet av skule-på-hjul-turen til både Runde og Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.



Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no