Tekjøkkenpraten: Administrasjonssekretær Svein Lars Ringstad

 


Administrasjonssekretær Svein Lars Ringstad har berre dagar igjen før han vert pensjonist. Av praktiske årsakar fekk vestborg.no nokre ord med den påtroppande pensjonisten på telefon.

Han fortel at han byrja i stillinga i november 1999.

-Eg har gledd meg til å gå på jobb kvar dag! Her har eg har trivst saman med personalet og med ungdomane, og eg har opplevd å få ha eit godt fellesskap her på Vestborg. Andaktane om på morgonsamlingane og møta på kveldane har også gjort at eg har hatt eit åndeleg fellesskap.

-Kva har oppgåvene vore?

-Det har vore til dømes å låse opp dører om morgonen, hente posten og jobbe med økonomien – som til dømes å sørgje for at dei tilsette får løn. Elles har det gått mykje tid til å hjelpe elevane med praktiske ting. Det er til dømes sal av materiell og skrive ut manus som dei treng til ei framføring.

Svein Lars trur ikkje han vert gjerandslaus i tida framover.

-Eg vonar eg også framtida får vere frisk. Då vil eg hjelpe til på bedehuset, vere med slekt og vener, gå turar, fotografere, reise litt og drive med ved-arbeid.

Han summerer opp tida på Vestborg på denne måten:

-Det har vore triveleg å få vere her. Når eg har kunna, så har eg prøvd å hjelpe elevar og personal når dei har tronge ei hand. Eg har opplevd mykje rikdom gjennom all takksemda eg har fått. Til sjuande og sist er det dette eg sit att med: Glede og takksemd!

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no