Tekjøkkenpraten: Inspektør Eva Habostad

 


No er pensjonisttida like om hjørnet for Eva. Om dagane er ho travelt oppteken med å vidareføre kunnskapen sin til Bodil Breivik Bø, som skal overta inspektøroppgåvene hennar. Likevel vart det rom for ein prat på telefonen.

Eva, som flytta til Stranda då ho gifta seg, byrja for fyrste gong som personal på Vestborg for ikring 30 år sidan. I åra etterpå har det vore litt frå og til med Vestborg-jobbing, mellom anna på grunn av ho var mykje heime med borna då dei var små. Ho har hatt ulike oppgåver ved skulen, men er tydeleg på kva ho har trivst best med.

-Det kjekkaste har vore å vere sosialrådgjevar og vere i administrasjonen, seier Eva.

Ho held fram:

-Vestborg har vore viktig for meg, og grunnen er at eg ser kor viktig det er å ha ein kristen skule. Det har mange gonger vore utfordringar innan både undervisning og korleis ein skal møte ulike situasjonar. Samstundes har det vore kjekt å få ting til – å få løyse opp i vanskelege situasjonar. Eg har også ei oppleving at ting har gått lettare etter kvart som eg har vorte eldre. Gjennom erfaring så har eg vorte betre kjend med meg sjølv og kor mine grenser går.

-Har du nokre historier du kan dele?

-Det er mange solskinnshistorier. Mellom anna tenkjer eg på ein elev som hadde vore relativt aktivt med å gå på møter, men hadde ikkje stått fram som kristen. Sommaren etter denne eleven var russ, så fekk eg ei tekstmelding frå eleven om at han hadde teke mot Jesus. Eg hugsar også ein elev som hadde ein slitsam start på Vestborg-tida si – med skulking og det å vere lite aktiv i timane. Etter kvart fekk vi vedkomande i gang, og vedkomande vakna opp og fekk eit gjennombrot. Denne eleven er i dag i full gang med livet. Elles tenkjer eg ofte på kva tidlegare rektor Odd Rannestad sa: Elevane må få tid til å vekse.

-Korleis har tida på Vestborg vore?

-Eg har hatt ei flott tid, og eg kjem til å sakne folka og det pulserande livet. Samstundes gler eg meg til å få gjere ting som eg ikkje har fått gjort så mykje av tidlegare. Elles så veit eg at god helse er ein føresetnad for korleis framtida blir.

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no