Tekjøkkenpraten: Miljøarbeidar Åshild Remmereit



Åshild var russ på Vestborg våren 2017. Etter eitt år som elev ved bibelskulen på Fjellhaug i Oslo er jenta frå Torvikbukt på Nordmøre attende på tunet.

- Korleis var dei tre åra som elev på Vestborg?

- Det var ein veldig opptur frå start til slutt. Då eg byrja på Vestborg var eg forsiktig, beskjeden og utrygg, men det trygge miljøet gjorde at eg fekk mykje meir tru på meg sjølv. Her fekk eg mange gode vener, og eg fekk det mykje betre. Det var veldig godt for meg å vere i det kristne miljøet som ein har på Vestborg. Miljøet her gjer noko med måten ein behandlar kvarandre på. I tillegg fekk eg input gjennom morgonsamlingar, møter og bibelgrupper. Alt dette var med å danne eit grunnlag for resten av livet.

- Kvifor ville du tilbake?

- Eg kunne tenke meg å bli miljøarbeidar fordi eg hadde det så vanvitig bra her. Etter kvart så skjøna eg at det kunne vere behov for meg her, og at eg var ynskt. Ei viktig hending var ein morgon i desember i fjor. Då bad eg til Gud om ein peikepinn påkva eg skulle gjere komande skuleår. Ein time etterpå kom det, via mail, ei oppmoding om å søkje på stillinga som miljøarbeidar ved Vestborg.

Åshild har ikkje tenkt så mykje over korleis året som miljøarbeidar skal bli.

- Eg veit ikkje, og eg legg året i Gud sine hender. Men eg vonar eg får lært mykje, og eg vonar eg får bety noko for elevan

LÆRDOM

Førre skuleår gjekk Åshild på musikklinja på Fjellhaug.

- Året på Fjellhaug gav meg eit utvida syn på Gud og gjorde meg tryggare i trua mi. Eg har blitt VELDIG glad i å lese i Bibelen, for no har eg ein betre kunnskap om det som står i Guds ord. Dessutan fekk eg mange gode vener, eit større nettverk og mange gode opplevingar.

- Kva lærte du i fjor?

- Eg har ofte vore redd for å gjere feil, men fjoråret lærte meg at det ikkje er farleg å gjere feil. Årsaka var at eg byrja skuleåret på Fjellheim bibelskole i Tromsø, men eg kjende på at det ikkje var der eg skulle vere. Mellom anna så likar eg å spele piano, men på Fjellheim var det ikring 20 av medelevane mine som også kunne spele det instrumentet. Då eg kom til Fjellhaug fekk eg høyre eg var eit bønesvar, for musikklinja hadde behov for ein pianist. Det gjorde at på Fjellhaug var det bruk for meg på ein annan måte enn på Fjellheim. Lærdomen eg sit med er altså at det ikkje er farleg å gjere feil, og at ein ikkje skal la ting halde fram når ein kjenner at noko er gale. Elles lærte eg å ta det med ro. I VG3 var eg med på «alt», og sjølv om det kjendest bra ut då, så ser eg i ettertid at det kunne bli litt mykje. På Fjellhaug hadde me ikkje lekser, så det var «ingenting» som skjedde frå klokka 15 til dagen etter. Det gjorde at eg var rastlaus i starten, men etter kvart fann eg ein god rytme der eg brukte meir tid på Bibel og bøn, samt å vere stille og vere for meg sjølv. Det er noko som eg også ynskjer å ta med meg inn i eit hektisk miljøarbeidar-år.

- Har du eit bibelvers som du vil trekke fram til slutt?

- Eg har blitt glad i Johannes 14.27: «Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!». Når eg kan oppleve kaos og vanskelege ting, så er det Gud som kan gje fred. Han er ei klippe i livet mitt, seier Åshild.

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no