Tekjøkkenpraten: Miljøarbeidar Jonas Hesthaug

 

Jonas var russ ved Vestborg i 2016, og han fortel det er tre årsaker til han ville attende.

- For det fyrste hadde eg tre veldig bra år som elev på Vestborg, og eg kunne tenke meg å vere her meir. Draumen var å kunne leve og bu på skulen UTAN å ha lekser. For det andre ville gjerne ha innblikk i korleis det var å vere personal ved skulen. Årsaka til det er at eg vurderer å bli lærar. For det tredje opplevde eg at har blitt leia av Gud. I vår ba eg om svar på kva eg skulle bruke skuleåret 2018/19 til. Same natta drøymde eg at eg var i møtesalen på Vestborg og blei klappa fram og presentert som miljøarbeidar. I førre veke skjedde akkurat det same som i draumen, så det var veldig kult! seier han.

- Kva gjorde dei tre åra som Vestborg-elev med deg?

- Det var veldig mykje, og det har vore dei tre åra eg har vakse mest som person. Eg fekk meir tru på meg sjølv, og eg fekk ei sterkare tru. Når det gjeld det sosiale, så lærte tida på Vestborg meg mykje om korleis eg bør oppføre meg saman andre og samtale med andre.

Førre året var han på andre sida av jordkloda. Då gjekk han disippeltreningskule i regi av Ungdom i oppdrag på New Zealand.

- Der lærte eg å leve meir som ein læresvein av Jesus. Dei fyrste tre månadane var eg på skulen i New Zealand. Etterpå var eg i misjonspraksis i 1 ½ veke i Australia før eg var på Papa Ny-Guinea i to månadar.

- Kva sit du igjen med etter desse månadane?

- Fyrst og fremst opplevde eg den krafta som vi kristne kan ha gjennom Den heilage Ande. Denne krafta fekk eg vere med å setje ut i praksis fleire gonger. Eg opplever at eg ikkje treng å vere redd av di Gud er med meg. Fleire gonger opplevde eg overnaturlege ting som ikkje kan forklarast på naturleg vis. Mellom anna var det ein av leiarane som var døden nær av di han hadde fått bakteriar i blodet. Då vi bad for han forsvann brått ein svulst han hadde og så blei han heilt frisk. Eg såg at menneske blei rørt av Gud. Då vi var på Papa Ny-Guinea og hadde møte, så blei det ei vekkjing. Det gjorde at landsbyfolket vedtok å skifte namn på landsbyen frå Bola, som tyder øydeleggjing, til Bella, som tyder sameining med Gud.

Eidsdalingen ser fram til miljøarbeidaråret.

- Eg trur det blir veldig bra. Det er og skal bli kjekt å bli kjend med nye, og eg vil gjere mitt for at andre skal ha det bra på skulen denne vinteren. Eg trur også eg vil vekse andeleg gjennom det kristne arbeidet eg er med å ha ansvar for. Dessutan vil det vere spennande å følgje den nye idrettslinja.

Jonas er i ferd med å bli litt sånn småkjendis på Sunnmøre. Han gjer det nemleg veldig godt i fjell-løp og motbakkeløp.

- Ein del av fritida mi kjem til å gå med til å trene. Eg trenar nesten kvar dag, og i snitt er treningsøktene mine på ikring 1 ½ time.

Som miljøarbeidar får han ete saman med elevane, men han ser at det kan vere lurt å utvide kunnskapsbasen sin.

- Eg har i tankane at eg bør lære meg å lage mat.

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no