Tid for gospelkonsert!


Torsdag 15. mars er det konsert på Vestborg. Då kjem Ansgar Gospel Choir frå Kristiansand. Koret har vitja Vestborg ved fleire høve, og det ligg an til ein konsert med skikkeleg trøkk. Det er Ansgarskolen som driv koret. Ansgarskolen vert eigd av Det norske misjonsforbund og tilbyr både bibelskule- og teologisk høgskule-studiar. 

 

Tidlegare dirigent i Refleks, John Yngvar Syvertsen, har leia koret sidan 1995.

Sjølve konserten byrjar klokka 20.30 og vert halden i skulen sin gymsal. I tida frå klokka 17.30 til klokka 1830 vert det korseminar.
 

 

PS! Kan det for publikummarar vere eit tips å ta med vern for høyrsla? 


 


 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no