Tru i praksis


På Vestborg er det rom for at elevar får høve til å prøve seg som «forkynnarar» og «bibeltime-haldarar». Dette skjer i regi av Laget, og eleven går gjennom eit avsnitt i Bibelen og tolkar teksten for forsamlinga.

Tysdag kveld hadde VG3-elev Bendik Hermansen ei liknande samling. Oppmuntra av ungdoms- og miljøarbeidar Simon Morris hadde Bendik, på eige initiativ, seminaret «Tro i praksis» for dei 20-25 elevane som var kveldens møtelyd.

Bendik snakka mellom anna om Gudsfrykt, det heilage og vandring. Desse tema var bygd på 1. Johannesbrev.

Etter samlinga var det mange som uttrykte at dei vart inspirerte av samlinga.

vestborg.no fekk ein liten prat med Bendik etter økta. Då fortalde han om bakgrunnen for at han ynskte å halde seminar.

- Eg opplevde at det var Gud som ville at eg skulle ha denne samlinga. Slik eg ser det er det mange som er gode til å tru, men ikkje så gode til å utføre trua i praksis. Eg ynskte med dette seminaret å inspirere til å setje tru ut i praksis, seier han.

- Korleis synest du seminaret gjekk?

- Eg opplevde at det ikkje var meg sjølv som snakka. Det var som om Gud snakka gjennom meg, seier Bendik.



Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no