Undervisningsglimt


Det er det jamne og gode arbeidet som gjev resultat – sånn er det på dei fleste områda i livet. Samstundes kan det å oppleve læring frå ulike perspektiv hjelpe til i det jamne og gode arbeidet.

I haust har til dømes sosialkunnskap-klassen hatt besøk av Jan Ove Harsjøen medan dei hadde om funksjonshemming. Harsjøen vart lam då han vart utsett for ei ulukke då han var 17 år. Han er no 52 år, og han fortalde om korleis han har takla utfordringane sine i livet etter ulukka. Ein viktig bodskap han hadde til elevane var: «I staden for å fokusere på det eg ikkje kan gjere, så fokuserer eg på det eg kan gjere.»


Den same gjengen var i november i Volda og besøkte Volda EMA – asylmottak for einslege mindreårige. Der fekk ein lære meir om norsk asylpolitikk, men det som kanskje sette sterkast spor var å få meir innsikt i kor utruleg vanskeleg livet kan vere – og kor mange tøffe opplevingar som ligg bak ein asylsøknad. 



Sosiologi-klassen har nyleg hatt TV-debatt – utan TV. Temaet var reaksjonar på straffemetodar. Elevane vart delte inn i grupper og kvar gruppe hadde ein talsperson som skulle vere med i debatten.Saman skulle kvar gruppe finne sider som var viktig å setje lys på. Dei ulike debattantane representerte dei politiske partia SV, FrP og KrF. I tillegg var debatten representert av ein psykolog, ein innsett i eit norsk fengsel og ein fengselsbetjent. Det var eit artig prosjekt, mykje på grunn av at det gneistra av debattantane. 



Dei elevane som har geografi har vore på ekskursjon til Norges vassdrags- og energidirektorat si avdeling på Stranda. Der fekk elevane høyre geolog Einar Anda fortelje om både overvakinga og utviklinga rundt skredfaren ved Mannen i Romsdalen, samt Åkernesremna i Storfjorden. Elevane fekk også kunnskap om norsk skredhistorie og om kva for måleinstrument som vert nytta. Kanskje sov elevane ekstra godt natta etterpå? I alle fall er ikkje Vestborg i fare dersom Åkerneset-skredet skulle gå. Årsaka er at bølgja vil gå langs land ned i Stranda sentrum, og ikkje opp mot Vestborg.

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no