Utdanningsmesse


Onsdag 3. oktober var det utdanningsmesse i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. Vestborg var til stades med elevane Anders Osdal, Tordis Frisvoll, Hannah-Malene Vik og Jarle Isene.

Då vestborg.no snakka med dei halvvegs inn i økta var det ein nøgd gjeng som var ved Vestborg-standen.

- Vi har fått snakka med mange, og mange har vore med på konkurransen som vi arrangerte om å gjette talet på godteri. Det har også vore kjekt å få snakka med 10. klassingar som i utgangspunktet ikkje visste noko særleg om skulen vår, men som opna opp i løpet av samtalen.

Som ein kan sjå av det øvste biletet, var det til tider stor trafikk ved Vestborg-standen.

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no