- Veldig bra i Roma


vestborg.no hadde ein prat med Inga Marthe Sekkeseter og Hermann Furland før dei drog på skuletur til Roma. Her er deira vurderingar etter turen.

Det har vore ein veldig bra tur. Vi har opplevd eit godt fellesskap, mellom anna var det kjekt med fellesmiddagane vi hadde på ein restaurant. Elles var det blandinga av alt vi opplevde som gjorde turen bra. Sjølv om tida vi fekk til eigen disposisjon kanskje var det kjekkaste, så var det også bra å få vere ved dei ulike kyrkjene og attraksjonane. Det ligg læring i å faktisk vere på desse plassane som er knytt opp til pensum i historie- og kristendomsfaga, seier Inga Marthe.

Hermann vil også ha gode minner når han kjem til å tenkje attende på skuleturen til Roma.

- Dette var vore veldig bra, og eg har berre positivt å seie om dagane i Roma. Det har vore kjekt å sjå byen, og det har vore kjekt å vere saman med klassen på tur. Høgdepunktet var kanskje då me stod 2 ½ time i kø for å kome inn i Peterskyrkja. Det var skikkeleg sosialt å stå i kø i lag, og vi fann på mykje artig som å lage bølgja, gje «high five» til dei som gjekk forbi, samt springe bort og vere med på bilete som turistar tok av kvarandre, fortel Hermann.

Lærarane Eva Rinde Habostad og Bodil Breivik Bø - to spreke damer som står på år etter år. Utan desse - ingen Roma-tur!

 


Reisefylgjet samla utanfor St. Pudenziana-kyrkja.


 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no