Velkommen til Kick-off 2018

 

No er det endeleg snart klart for Kick-off her på Vestborg. 19 – 21 januar 2018 har vi eit fullpakka og variert program for deg som vurderer å starte på Vestborg til hausten. Alle aktivitetar er valfrie, og du vel sjølv kva du vil vere med på. Kanskje vil du på topptur eller i skitrekket? Eller kanskje du berre vil «henge» i vår populære russekiosk? Du kan og henge i klatreveggen vår om du ikkje har høgdeskrekk. Uansett kva du vel å gjere denne helga, skal du vere trygg på at personalet og elevane er klare til å ta godt imot deg og gleder seg til å bli betre kjent med deg.

Her får du nokre glimt frå Kick-off 2017

 

Bli med Vestborg og Uteguiden på topptur

Neste skuleår startar vi opp med idrettslinje her på Vestborg, der eit av fokusområda er topptur. Difor er det naturleg at vi vil vise fram Sunnmørsalpane denne helga, og på søndagen inviterer vi til topptur.

Med oss på laget har vi Oscar Almgren som er dagleg leiar for Uteguiden. Oscar er utdanna breførar, skredekspert og fjellførar med høg kompetanse innan skred og førstehjelp.

 

Vestborg – eit steg vidare

Vestborg er ein kristen internatskule der dei fleste av elevane bur på skulen. Slik sett er skulen meir enn berre ein skule, men også heimen til elevane. Ein bygg relasjonar til medelevar, lærarar og andre tilsette på ein heilt unik måte. Difor veit vi på Vestborg at dersom du som elev skal utvikle deg fagleg og som menneske, så treng du eit trygt og godt miljø der vi ser det unike som bur i kvar enkelt. Det er lett å seie at ein har eit godt miljø på skulen, men her på Vestborg vil vi denne helga på Kick-off vise deg at vi tek læringsmiljøet vårt på alvor.

Ta eit steg vidare og bli med på ei gratis bli-kjent-helg 19 – 21 januar 2018.

Vi håper at du vil vere ein del av «Vestborg-familien».

 

PÅMELDING OG PROGRAM HER

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no