Vestborg på utdanningsmesse

 

Onsdag var 10. klassingane i Ålesund og omegn i Sparebanken Møre Arena for å setje seg inn i framtida. Vestborg var også til stades for å profilere skulen. Det var gledeleg stor trafikk ved standen vår, og promoteringselevane våre, dei nye Vestborg-ambassadørane, fekk nærare 60 sisteårs ungdomsskuleelevar på snap chat-lista si. Desse ikring 60 potensielle Vestborg-elevane vil framover få snappar som syner glimt frå dagleglivet på Vestborg.

 

På biletet over ser ein VG2-elev Anders Osdal snakke med 10. klassingen Kristianne.

Nedanfor ser ein Vestborg-ambassadørane Tordis Frisvoll, Jarle Isene, Anders Osdal og Hannah-Malene Vik før det braka laus.

 

 


 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no