Vestborg-styret møtte personalet

      

Det årlege treffet mellom styret og personalet gjekk føre seg på torsdag. Fyrst fekk ein servert nydeleg middag av kjøkengjengen.

Under sjølve møtet understreka rektor Geir Magne Engås i velkomsthelsinga si at desse treffa er rett nok lovpålagde, men at dei også opplevast nyttige for å halde kontakten mellom styret og personalet.

Inspektør Øystein Strand hadde ei opning over temaet «Lær den unge».

Etterpå leia styreleiar Alfred Risan neste økt, «Vestborg som heim». Under denne økta vart styremedlemer og personalet delt i blanda grupper. I gruppene hadde ein fokus på korleis Vestborg kan vere ein best mogleg heim for elevane. Mellom anna vart ein utfordra på å kome med forslag til målsetjingar.

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no