VG2 til Roma

 

Kristendomslærar Eva Habostad og historielærar Bodil Breivik Bø har i ikring 10 år reist med elevar til Roma.

Det er fast at det er VG2-elevane som dreg, og i år er det klassen til Inga Marthe Sekkeseter og Hermann Furland som skal til den evige stad.

Inga Marthe gler seg til turen.
-Dette blir bra. Det kjem til å bli artig å sjå attraksjonane i Roma, og eg trur det vert lettare å lære pensumet når vi får sett plassane vi skal lære om. Dessutan kjem det til å bli artig å reise saman med klassen på ein sånn tur, seier ho.

Hermann ser også fram til turen.
-Det blir kjekt å fare saman med klassen på ein sånn type tur. Sist me gjorde noko som likna var skule-på-hjul i fjor, og det var veldig kjekt. Elles så er eg samd med Inga Marthe i at det kjem til å verte interessant at det blir undervisning i praksis.

Han har også fått med seg at Roma skal spele mot Liverpool i semifinale i Champions League medan klassen er på tur.
-Vi prøvde, men vi fekk dessverre ikkje tak i billettar til kampen. Likevel vert det artig å kjenne på Champions League-stemninga i byen. Og kampen? Jo, den skal Roma vinne! slår Hermann fast.

VG2-elevane reiser sundag 29.4 og kjem attende fredag 4.5.


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no