Det er gode stipendordningar for elevar som går på internatskule. Alle elevar som bur i internatet får etter søknad bortebuarstipend. For skuleåret 2017-2018 er dette stipendet på minimum kr 43590,-. I nokre tilfeller kan du også få meir enn dette, det kan du sjekke i stønadskalkulatoren på www.lanekassen.no. I tillegg får alle utstyrsstipend på kr. 1014,- Søknadsskjemaet finn du på www.lanekassen.no. Meir info i brev som kjem frå Vestborg i juni.

I tillegg får tilreisande elevar reisestipend til delvis dekning av 3 heimreiser (eigne reglar for dette).

Betaling for rom og måltid (internatpengar) samt skulepengar vert fordelt på 10 måneder (aug-mai), med utsending av faktura med faste forfallstider kvar månad.

For skuleåret 2017-2018 gjeld desse prisane:

Prisar per månad for rom og måltider for elevar i internatet:
Enkeltrom utan dusj og toalett kr 5 100
Dobbeltrom med dusj og toalett kr 5 100
Enkeltrom (stort) m/dusj og toalett på rommet kr 5 900
Andre priser per måned for undervisning:
Skolepengar for stud.spes(Inklusiv tur til Roma i vg2 ++) kr 1 500
 Skulepengar for påbygg kr  1000
Eingongsbetalingar:
Innmeldingspengar/adm. gebyr ved opptak kr 1000
Romdepositum internatelevar kr 1 500
Prisar for spesialdiett*:
Dersom eleven treng spesialdiett er det eit tillegg i pris
Diett der eleven mottek støtte frå det offentlege kr 1000
Diett der eleven ikkje mottek støtte frå det offentlege kr 500

*Kjøkkenet legg til rette for spesialdiettar der helsemessige grunnar dokumentert av lege litt til grunn.

Kortreistpakken

Bur då så nærme skulen at du ikkje får bortebuarstipend frå lånekassa? Fortvil ikkje! Kortreistpakken gir deg anledning til å bu i internatet til ein subsidiert pris. På denne måten kan også du kan få ta del i det unike internatmiljøet ved skulen. Prisen for 2016/17 er 2300 kroner for kost og losji. Dette tilbodet forutset at der er ledig kapasitet i internatet.

Skulepengar – Innmelding

Skulepengane skal dekkje kostnadar til undervisning og felleskostnadar knytt til å vere elev ved skulen. Inkludert i dette gjeld enkelt måltid/drikke i lunsjen kvar dag samt kostnader til obligatoriske ekskursjonar og utanlandstur til Roma. Nye elevar betaler kr 1000 som eit eingongsbeløp ved opptak, dette blir rekna som ein del av skulepengane.

Internatpengar – Romdepositum

Elevar som bur i internatet betaler for enkeltmøblerte elevhyblar og måltid som blir servert i matsalen til faste tider alle dagane i veka. I internatpengane inngår også tilgang og bruk av skule- og internatanlegget utover den normale skuledagen. Romdepositumet gjeld elevhybel, og blir betalt tilbake etter eventuelle fråtrekk når eleven flyttar ut av internatet for godt.

Skulebøker og læremateriell

Skulen tilbyr nødvendige læremiddel gratis til alle elevane gjennom ei utlånsordning. Det er nødvendig at elevane har tilgong til pc. For dei elevane som ikkje har eigen bærbar pc til skulebruk tilbyr skulen ei utleigeordning. Utgift til evt. pc-leige, eigne arbeidsbøker og anna personleg skulemateriell inngår ikkje i gratisordninga. Læremiddelstipendet som du etter søknad får gjennom Lånekassa vil normalt dekke det meste av slike kostnader.