fronter



LEDIG STILLING

 Meir info

 

 

Fasiliteter

Internatliv

Vestborg har plass til ca. 110 elevar. Med ein elevflokk som ikkje er større, er det lett å verte kjend med dei fleste andre på skulen. Både forholdet mellom elevane og forholdet mellom elevar og personale blir betre i eit lite og oversiktleg miljø. Vestborg ønskjer å vere ein heim der du kan trivast og utvikle deg positivt. Personalet ved skulen står difor til disposisjon for elevane når dei treng hjelp av forskjellig slag.
img_64
I eit internat vil det sosiale livet blomstre. Når så mange bur tett saman, er det heilt nødvendig å ta omsyn til kvarandre og tilpasse seg kvarandres vanar og behov. På den måten får du mykje menneskekunnskap som du vil dra nytte av seinare i livet. Det sosiale miljøet er svært avhengig av elevane sjølve. Dei er den største ressursen i internatmiljøet. Elevkveldar, fløyfestar, sosialt samkvem, julekos, fysiske utskeielsar, bønnegrupper, kor, is & kaffe og mykje, mykje meir er stikkord for internatlivet.