Fritidstilbod
På ein internatskule ligg forholda godt til rette for mange slags aktivitetar i fritida. Både idrett og friluftsliv, sosialt liv og kristent arbeid har ein viktig plass i miljøet.
Vestborg har eit svært velutstyrt treningsstudio med ei rekkje treningsapparat som er disponible for elevane etter skuletid. Også gymsalen er i flittig bruk om ettermiddagen og kvelden. I gymsalen finn du ein flott klatrevegg. Utandørs finn du mellom anna sandvolleyballbane på skulens området. Gangavstand til kunstgrasbane og løpebane.
Strandafjellet skisenter ligg fem minutts køyring frå Vestborg. Her finn du fem skitrekk og alle typar alpine løyper. Her er det utrulige forhold for både telemark, snowboard, twintip og alpint. Ein kan nyte dei preparerte løypene eller den fantastiske puddersnøen. Den heilt nye stolheisa er open både sommer og vinter. Fjella byr elles på svært variert terreng, frå slake fjellsider til meir utfordrande trassear. Om sommaren og hausten er det og flotte forhold for turar i skog og mark. Ein del av elevane prøver og lykka som småvilt-jegar i fjella kring skulen.
Sidan Vestborg er ein kristen skule, vil du finne ein del aktivitetar med kristen profil. Tirsdagsmøta er viktige for dei som ønskjer å vere med i det kristne fellesskapet. Mange ønskjer også å vere med i bibelgruppe og i kor.
I februar kvart år går Vestborgcupen i innandørsfotball av stabelen. Her deltek lag frå kyrkjelydar, kor, skular o.l. frå Bergen i sør til Trondheim i nord. Mange av elevane på Vestborg nyttar gymsalen for å trene til denne cupen.
Det er trådlaust og kabla internett over heile skule- og internatområdet som elevane har tilgang til.
I tillegg til alle aktivitetar som er organiserte, vil elevane sine eigne idear krydre tilværet.
