Påbygging

Kurset påbygging til generell studiekompetanse er eit tilbod til elevar som tidlegare har gått Vg1 og Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram.

Målet er altså at ein i løpet av eit skuleår skal få 30 timar som manglar – ved å få desse på plass vil ein dermed oppnå generell studiekompetanse.

Vestborg har kun godkjenning for ungdom med ungdomsrett. Av fag skal ein ta følgjande:

Fag Timar
Historie 5
Kroppsøving 2
Matematikk 5
Naturfag 3
Norsk 10
Sum 25
Programfag – frå stud.spesialisering 5
Totalt 30

Skulebøker og læremateriell

Skulen tilbyr nødvendige læremiddel gratis til alle elevane gjennom ei utlånsordning. Det er nødvendig at elevane har tilgong til pc. For dei elevane som ikkje har eigen bærbar pc til skulebruk, tilbyr skulen ei utleigeordning. Utgift til evt. pc-leige, eigne arbeidsbøker og anna personleg skulemateriell inngår ikkje i gratisordninga. Læremiddelstipend som du etter søknad får gjennom Lånekassa, vil normalt dekke det meste av slike kostnader.