Søknad

Det er akkurat like enkelt å søkje til Vestborg som til offentlege skular. Du søkjer enkelt og greit via Vigo.no. Men hugs å søke innan fristen! Du finn meir informasjon lenger nede på sida.

Søknad før 1. mars

Søknadsfristen er;

  • 1. mars for ordinære søknader.
  • 1. februar for søknader på særskild grunnlag.

Etter fristen tek vi inn søkjarar så lenge det er ledige plassar. Vestborg har heile landet som inntaksområde. Alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skular, kan søkje. Inntaket til Vestborg vert gjort med utgangspunkt i inntaksreglementet vårt – trykk på denne lenka: Inntaksreglement for å lese inntaksreglementet.

Du søkjer Vestborg ved å gå inn på www.vigo.no – du søkjer altså på same måte som til dei offentlege skulane.

Søkjarar frå Møre og Romsdal søkjer som registrert søkjar. Du må altså prioritere mellom Vestborg og dei offentlege skulane i Møre og Romsdal. Det er fint om du set Vestborg på 1.plass=)

Søkjarar frå andre fylke enn Møre og Romsdal registrerer seg som uregistert søkjar på Møre og Romsdal, og kan dermed velje Vestborg.

Sjå elles informasjon på www.vigo.no og på www.vilbli.no.

OBS! Alle søknader skal leverast elektronisk på Vigo.no.

Har du spørsmål eller behov for hjelp med å søkje så berre ta kontakt!

Send gjerne ein epost til ostrand@vestborg.no (inspektør II) eller ring 70 26 39 00.

 

Søknad etter 1. mars

Etter fristen tek vi inn søkjarar så lenge det er ledige plassar. Vestborg har heile landet som inntaksområde. Alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skular, kan søkje. Inntaket til Vestborg vert gjort med utgangspunkt i inntaksreglementet vårt – trykk på denne lenka: Inntaksreglement for å lese inntaksreglementet.

Etter fristen er det framleis mogleg å søke. Du må då gjere følgjande: