Benjamin Nærø

 

Benjamin er ein av 33 elevar i årets VG1-klasse og har vore elev ved Vestborg i 1 ½ månad. Det er ikkje sjeldan å høyre frå VG1-elevar at dei opplever fyrste tida som å vere på leir. Då Benjamin fekk spørsmål om han opplevde at han var på leir, svara han:

- Nei, eg er ikkje på leir. Eg er heime.

 

Han kjem i frå Nærøy i Herøy kommune på søre Sunnmøre, og han fortel at han lenge har visst at han skulle gå på Vestborg.

- Foreldra mine møtte kvarandre då dei var elevar på Vestborg. Difor har eg visst heilt sidan eg var tre år gamal at eg skulle gå her.
 

Dei fyrste vekene har vore gode.

 - Det har vore heilt supert. Eg har blitt kjent med 32 kjekke klassekameratar og er ein del av eit veldig godt miljø. Sidan vi bur på skulen og derfor ser kvarandre ofte, så utviklar vi eit sterkare fellesskap enn på skular der elevane dreg heim til sitt etter skuletid. Ja, eg opplever at vi her på Vestborg lever i eit eige lite land – Vestborgania, seier han.

 

Benjamin held fram:

- Eg diggar skulen. Her får vi god undervisning, vi får servert god mat til faste tidspunkt fire gonger dagleg og vi har kort veg til skulen. Eg slepp å stresse med å ta buss om morgonen. Dessutan får eg nyttig erfaring med å klare meg sjølv. Eg vaskar klede og rom, og eg har ansvar for å kome meg opp på eiga hand om morgonen. Å gå på Vestborg er som ein heim. Her er det tryggleik. Personalet er som mødrer og fedrar, og venene våre er som sysken, skildrar Benjamin.
 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no