Håkon Hovda, vår nye rektor

 

Frå august i år Håkon Hovda vår nye rektor. I denne utgåva av Tekjøkkenpraten får du høve til å bli betre kjend med 40-åringen frå Lesjaskog.

Rett skal vere rett. Vanlegvis går Tekjøkkenpraten føre seg på eit av skulen sine tekjøkken, men denne gongen tok vi praten over telefon.

Håkon Hovda har dei siste åra vore tilsett som lærar ved Ålesund videregående skole, men no vil han og familien flytte til Stranda. Han skal styre borga under Geir Magne Engås sin toårige permisjonsperiode. Engås skal nemleg til Afrika for å ha ansvar for den daglege drifta av NLM sin familiebibelskule i Nairobi i Kenya.


GODE ÅR PÅ VESTBORG

I åra 1994-97 var Hovda elev ved Vestborg. Det var år som sette gode spor i livet hans.

- Kona mi, Ingrid, og eg har veldig mange gode minner frå desse åra. Vi hugsar det snille, greie og omsorgsfulle personalet. Vi hugsar den åndelege fellesskapen, og vi fekk vener for livet. Mellom anna så møtte vi kvarandre på Vestborg. Desse opplevingane har vore avgjerande viktige for oss som menneske og som ektepar. Når det no vart rom for å kome attende til skulen som rektor, valde vi at eg skulle søkje på stillinga. Vi ynskjer å vere ein del av det flotte miljøet skulen har, og vi ynskjer å ta del i det Gud gjer på Vestborg, seier han.

- Kan du fortelje meir om kva du sit att med etter åra som elev på tunet?

- Når det gjeld det pedagogiske, så hugsar eg godt frå kristendomstimane. Vi hadde Per Magne Mork som lærar. Han stilte gode spørsmål i undervisninga, og han fekk oss til å undre på ein god måte. Det gjorde at vi i elevflokken fekk oppbyggjande samtalar om tru og tvil også på fritida. Lærarane våre var dyktige, og vi fekk gode relasjonar til dei. Det gjorde at dei vart gode førebilete for meg. Vi hadde variert undervisning, og det var alltid god stemning. Det var sjeldan at vi kjeda oss. Når det gjeld det sosiale, så hadde eg eit aktivt liv. Eg likte meg godt i både gymsalen og i styrkerommet, men også i bønegrupper på internatet. Og som sagt fekk eg både vener for livet og eg møtte Ingrid der. Så kvar gong vi køyrer forbi Vestborg så mimrar vi tilbake til dei gode åra vi fekk ha som elevar ved Vestborg. Når det gjeld det andelege, så la åra på Vestborg mykje av grunnlaget for mitt kristne liv. Eg fekk vere med på bibel- og bønegrupper. Sjølv om elevane hadde ulik kyrkjebakgrunn, så hadde vi dette felles: Eit ynskje om å bli betre kjend med Jesus. 



TILBAKE TIL RØTENE

Hovda plar å seie at han kjem frå Lesjaskog, men i oppveksten budde han også i Trondheim og på Karmøy. Sidan 1999 har han budd i Ålesund - med unnatak av tre år då familien budde i Haugesund.

- Eg fekk lagt grunnlaget for mitt kristne liv på Vestborg. Likevel vart eg under Vestborg-tida fascinert av den karismatiske vekkjingsrørsla. Det har gjort at eg har engasjert meg mykje i karismatiske kyrkjelydar. Men etter kvart er eg i ferd med å definere meg som «luthersk pinseven». Så det å kome attende til Vestborg og Misjonssambandet er på ein måte å slutte sirkelen. Eg kjenner at eg skal attende til røtene mine, seier han.

- Kva for mål har du for jobben du skal gjere?

- Fyrst og fremst lyt eg setje meg inn i kva det vil seie å vere rektor. Det er ei oppgåve eg aldri har hatt før. Men det vert viktig for meg å snakke med dei tilsette for å få oversikt nok til å gjere ein god jobb. Eg vil gjerne vektlegge at vi skal halde fram arbeidet, som allereie blir gjort, med å ha eit godt samarbeid innan personalet. Dessutan er det viktig å drive ein god skule. Då kan vi hjelpe flest mogleg av elevane å bli best mogleg rusta til livet etter Vestborg. Likevel er det store felles målet for skulen viktig for meg: Å utruste elevane, gjennom å leggje til rette for møter med Gud, for æva. 



LIVERPOOL ER LAGET

Det synest å vere viktig for Hovda å vere ein relasjonell leiar.

- Ein av mine styrkar som menneske er møtet med enkeltmenneske. Difor vil eg gjerne møte både personalet og elevane jamt og trutt. Mellom anna ynskjer eg å ha undervisning.

- Kva likar du å gjere når du skal kople av frå jobb?

- Eg er likar å spele fotball. Dessutan er eg glad i Liverpool. Elles er flogefiske, skiturar og terrengsykling fantastisk kjekt å halde på med.Med tanke på naturen vi har kringom Stranda, så er dette er aktivitetar som gjer det ekstra attraktivt å flytte hit.

Kona Ingrid, fødd Degnepoll, er frå Måløy. Saman har dei to gutar. Den yngste, Jonathan, er fire år. Den eldste, David, går i 10. klasse og skal truleg byrje på Vestborg på idrettslinja til hausten.

- Vi går inn i Vestborg-prosjektet som ein familie – og vi gler oss veldig!



PS! På biletet ser ein Håkon Hovda saman med familien.

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no