Ida S. Skarshaug


– Å gå på Vestborg er den beste avgjersla eg har tatt nokon gong!

 

Ida begynte på Vestborg fordi bestevenninna ville gå her. Dei hadde høyrt at skulen hadde godt miljø, og i tillegg var det eit pluss at det var internat på skulen.

 

 

– Eigentleg ville eg gå dramalinja på Fagerlia vgs i Ålesund, men der kom eg ikkje inn. Etter to og ei halv veke på Vestborg, fekk eg kontrabeskjed frå Fagerlia. Men då hadde eg funne ut at eg treivst så godt og passa så godt inn på Vestborg, at eg ville halde fram som Vestborg-elev. Det er eit val eg ikkje angrar litt på ein gong! Det er den beste avgjersla eg har gjort nokon gong! seier romsdalsjenta.

 

KRISTEN

Då Ida vaks opp, visste ho ikkje at det fantes kristne ungdomsmiljø.

– Pappa las i Bibelen til meg då eg var lita, men ingen i mitt ungdomsmiljø var kristne, fortel ho.

På Vestborg har Ida blitt kristen og mykje falle på plass i livet hennar.

– Eg skjønar ikkje kva eg har halde på med heile livet, for det å vere kristen gjev så mykje meining!

– Korleis?

– I tenåra så skal ein finne ut kven ein er, kva ein står for og kva ein skal gjere med livet. No når eg har blitt kristen, har eg funne ut at det er eit liv etter døden, og at vi lever for å kome til noko så reint som himmelen. Og sjølv om vi lever syndefullt, så skal vi faktisk få kome dit. Det synest eg er fantastisk!

– Korleis opplever du det å leve som kristen?

– Det eg opplever veldig stort er at vi kristne kan be for kvarandre. Ja, det er så godt å kjenne at ein har folk i ryggen som støttar ein. Dessutan er samhaldet med andre kristne så godt å oppleve. Uansett kva ein gjer så tenkjer ikkje folk stygge ting om deg. Dei har ikkje negativt fokus i kvardagen. I tillegg så gjer det noko med meg å få bønesvar. Eg har til dømes vore plaga med ein dårleg fot, men den har blitt heila etter å blitt bede for.

FANTASTISKE FOLK

Vidare fortel Ida om oldemora si på 85 år.

– Ho er kristen. Tidlegare har eg ikkje forstått ho så godt, men det gjer eg no. I det siste har eg opplevd at det har blitt eit band mellom oss.

Ida har også gjort seg nokre tankar om Vestborg som skule.

– Sidan vi bur på skulen har vi alt tilgjengeleg. Vi kan arbeid med skulearbeid i klasseromma etter skuletid, vi har lærarar som kan hjelpe med skulearbeid når dei har tilsyn og vi har eit triveleg bibliotek. Skulen er liten, og det gjer at fagvalet er lite, men samstundes gjer det at vi blir betre kjende med lærarane våre enn på større skular.

– Korleis vil du samanfatte ditt fyrste år på Vestborg?

– Eg har blitt ein anna person i løpet av dette skuleåret. Mellom anna så har eg funne meg sjølv, og eg har snudd tenkemåten min og blitt meir positiv. Dessutan har eg blitt kjend med masse FANTASTISKE folk. Her har eg mange førebilete eg ser opp til, også i veneflokken. Ja, eg har fått vener for livet. Her har eg fått vere meg sjølv og lært meir om korleis ein skal vere saman med andre. No i mai var eg på langweekend-tur til Gdansk. Der hadde eg det heilt fantastisk. Men eg sakna Vestborg!


 

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no