Tekjøkkenpraten: Lærar Asgerd Drabløs Godøy

Ved dette høvet er uttrykket «Tekjøkkenpraten» litt misvisande. Vi juksa litt og tok det over telefon. Ein av årsakene til det er at Asgerd har litt redusert stilling, mellom anna fordi ho frå august i fjor har vore master-student.

-Eg tek ein master i engelsk som heiter «Engelsk i skolen» ved Høgskolen i Østfold, avdeling Halden. Det meste av undervisninga er nettbasert og studiet går over 4 år, fortel Asgerd.

-Korleis har studiet vore så langt?

-Eg likar det veldig godt. Det er kjekt å få input og å lære nye ting. No er det nokre år sidan eg var student, men eg kjenner eg likar å studere. Akkurat no jobbar eg mest med engelskspråkleg barne- og ungdomslitteratur. Eg har vald å fordjupe meg i Roald Dahl og «Danny og den store fasanjakten».

-Kva anna lærer du på studiet?

-Vi har mellom anna eit emne som heiter kommunikasjon og digitale hjelpemidlar i undervisninga. Det er inspirerande, og eg har fått nye idear. Vi får også god trening i å vurdere andre sine tekstar og gi tilbakemelding, sidan vi skal gi feedback til andre studentar på arbeidet dei gjer..

Asgerd har vore tilsett ved Vestborg sidan 2001 – med unnatak av ulike permisjonar. Ho har undervist i spansk, medan ho i år har ansvar for tysk og engelsk.

-Korleis har åra som lærar ved Vestborg vore?

-Det som eg har gledd meg over er kombinasjonen mellom veldig kjekke elevar og veldig kjekke tilsette.Eg har opplevd eit sterkt samhald innan Vestborg-familien. Det er også gledeleg å sjå kor mykje skulen betyr for enkeltpersonar. Eg har sett mange som har blomstra i løpet av åra på Vestborg, fortel ho.

-Dessutan har det vore kjekt å få ha kontakt med elevane også utanfor klasserommet. Eg har møtt dei i matsalen, gymsalen, møtesalen og på tekjøkkenet. Elevar er så mykje meir enn det dei får vist i eit klasserom, slår Asgerd fast.


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no